Bykle og Valle med på Kristiansandskonferansen

Kommunane Bykle og Valle er i dag tysdag 21. april med på Kristiansandskonferansen i Kilden - der alt handlar om beredskap og Totalforsvarsåret 2026.

Beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen (t.v.) og kollegaen hans i Valle kommune, Torbjørn Straume, i Kilden på Kristiansandskonferansen i dag. Ole Birger Lien

Statsforvaltar Gina Lund helsa velkomen før programmet i Kilden tok til. Det er 13. gong konferansen blir skipa til, og som fleire har sagt det, beredskap har vel aldri tidlegare vore meir aktuelt. Eit breitt spekter aktørar skal bidra i løpet av dagen - Kommunar, naudetatar, folk frå både forsvaret og politiet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Helsedirektoratet og mange, mange fleire.

– Alle har eit ansvar

Alt knapt halvvegs i konferansen kan ein slå fast at ein av dei viktigaste konklusjonane alt no kan seiast å vere at med tanke på krisehandtering og beredskap så har ALLE eit ansvar. Det offentlege, jovisst - men også kvar enkelt av oss. Då er samhandling og god kommunikasjon avgjerande. Målet med all beredskap må vere essensen av eigenberedskap: jo fleire som kan handtere det som kjem, jo meir ressursar står att til dei som verkeleg treng det!

Regionalt blikk

Ettermiddagen i Kilden skal fokusere endå meir på det lokale og regionale i Agder. Det kjem tydeleg fram at sjølv om ulike regionar har ulike innfallsvinklar, så er uansett fokus og satsing på beredskap og totalforsvar sterkare enn på svært lenge.

Statsforvaltar Gina Lund baud veldkomen til Kristiansandskonferansen. Ole Birger Lien