Bykle og Valle med felles beredskapsmøte
Kommunane Bykle og Valle har inngått eit formelt samarbeid om beredskap, og onsdag 14. januar samla kriseleiinga i kommunane seg til møte.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.01.2026 13:00
Sist endra 14.01.2026 13:00
Frå beredskapsmøtet i Bykle med representantar frå kommunane Bykle og Valle.
Ole Birger Lien
Møtet vart skipa til for å sikre vidare samordning av beredskapsarbeidet. Ein skal gå gjennom struktur og planar, og samstundes sjå på kva område som er felles og eventuelle område der kommunane kvar for seg må ha eigne løysingar. Både kommunedirektørar, ordførarar og ikkje minst beredskapskoordinatorar frå båe kommunane tar for seg ulikeaktuelle tema.
Beredskapsråd
Kommunestyra i dei to kommunane har gått inn for at Bykle og Valle skal etablere eit eige beredkapsråd. Også dette blir tema under møtet i Bykle. Kriseleiinga i Bykle og Valle har også tidlegare vore samla til beredskapsøvingar.