Bykle og Valle kursar seg saman i beredskap
Kriseleiinga i Bykle og Valle samarbeider i det daglege, men også med tanke på kursing og kompetanseheving. Seinast i haust var gruppene samla til kurs i Kristiansand.
      
        
          Publisert av Ole Birger Lien
          Publisert 30.10.2024 09:47
          
            Sist endra 30.10.2024 09:47
           
         
       
      Kriseleiinga i Bykle og Valle samla på kurs i Kristiansand.
        Ole Birger Lien
Kriseleiinga i Bykle og Valle samla på kurs i Kristiansand.
        Ole Birger Lien
    Utan å gå i detalj tok kurset for seg dei aller fleste tema som handlar om beredskap. “Me møtes i fredstid”, som kurshaldarane seier det.
Skal vere godt budde
Heile poenget med beredskap er den kompetansen ein håpar at ein aldri skal få bruk for.
– Me øver stadig på ulike tenkte hendingar. Målet er at den dagen det verkeleg gjeld, så skal rutinane våre fungere. Å treffast slik med andre kommunar er også nyttig. Ulik kompetanse møtest, slår beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen, fast.