Bykle med på karrieredagar ved Universitetet i Agder

Det blir skipa til karrieredagar for sjukepleiarstudentar/helse ved Universitetet i Agder denne veka, og Bykle kommune er med!

Bykle med på karrieredag ved UIA. Frå venstre: Martine Vik, Even Fredriksen, Fredrik Siring Eriksen og Margit Haugen. - Klikk for stort bileteBykle med på karrieredag ved UIA. Frå venstre: Martine Vik, Even Fredriksen, Fredrik Siring Eriksen og Margit Haugen.

Måndag var Bykle-delegasjonen på plass i Kristiansand, medan dei er i Grimstad i dag. Begge stadene er det god interesse og mykje aktivitet ved Bykle kommune sin stand. Gjengen frå øvst i Setesdal byr på informasjon, drops, drikkeflasker og ikkje minst godt humør og store smil!

Rekruttering

I rekrutterings-samanheng er det sjølvsagt viktig å vise fram kommunen og alt det ein kan by på som arbeidsgjevar for komande tilsette i helsesektoren. 

– Det er veldig viktig å vere til stades på dagar som dette, difor prioriterer me det høgt. Helse-sektoren er eit område der ein ser store utfordringar med tanke på rekruttering. Me ynskjer å vere i forkant, og me gler oss over at det om att og om att er stor interesse for Bykle, seier kommunedirektør Karina Sloth.