Bykle med i gjeldssletteordninga for studielån i Lånekassen
Den mykje omtalte gjeldssletteordninga i Lånekassen for folk med studielån i utvalde kommunar i Noreg, blir opna for søknad i dag måndag 5. januar klokka 14. I 189 utvalde “mindre sentrale” kommunar kan yrkesaktive med studielån få sletta 25.000 kr. i året av studielånet sitt - i tre år. Bykle kommune er med i ordninga.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.01.2026 14:09
Sist endra 05.01.2026 18:25
Pixabay
Bakgrunnen for ordninga er at styresmaktene ynskjer å leggje til rette for at folk med utdanning buset seg i distrikta. Tiltaket gjeld alle typer utdanningsgjeld - men ein må ha vore busett i ein utvald kommune i minst 12 månader. Kommunane er delt inn i ulike klassar - og klasse 5 og 6 kvalifiserer for gjeldssletting. Bykle kommune er i klasse 6.
Kan søke no
Det blir opna for å søke om gjeldssletting i dag måndag 5. januar klokka 14.
HER kan ein lese meir om ordninga.
Ein må søke innan tre månader etter at oppteningsperioden er over. Oppteningsperioden er dei 12 månadene ein oppfyller for å få sletta lån.
HER kan ein søke om sletting av lån.