Bykle-legar vikarierer på kontoret i Valle enkelte dagar i desember

På grunn av fråvær ved Valle legekontor kjem det til å vere legar frå legekontora i Bykle og på Hovden som vikarar på legekontoret i Valle enkelte dagar i desember.

Det er samdrift ved Bykle legekontor 4. - og 17. desember. Ole Birger Lien

Samdrift med Bykle legekontor

Enkelte dagar i desember blir det også samdrift med Bykle legekontor, det vil seie at dei dagane må pasientar med avtale i Valle og Hovden i staden møte til konsultasjon i Bykle. Dette gjeld torsdag 4. desember og onsdag 17. desember. 

– Me seier oss leie for ulempa dette måtte føre til, men no får me til å oppretthalde den gode drifta også gjennom månaden me har legefråvær. Me seier oss nøgde med at ingen pasientar i Valle eller på Hovden må lenger enn til legekontoret i Bykle dei dagane det er samdrift, seier kommunalsjef helse i Bykle kommune, Trine Lise T. Enersen.