Bykle kommune vil styrke næringsapparatet med målretta rettleiing

Bykle kommune ynskjer å vere ein fagleg medspelar for det lokale næringslivet, legge til rette for auka kompetanse og styrka rettleiing og samspele tett med både eksisterande og komande verksemder.

Næringsrådgjevar Markus Lund (t.v.) og Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet slår eit slag for ein ny modell for oppfylgjing av lokalt næringsliv i Bykle kommune. Bykle kommune

Erfaringane etter nylege samlingar der næringslivet fekk møte aktørar som Skattefunn og Innovasjon Norge, vil Bykle kommune no bruke vidare og satse på ein ny modell der kommunen tilfører verksemdene verdi i form av kompetanse, nettverk og koordinering.

– Me har utarbeidd det me kallar 6-timarsmodellen. Dette inneber at alle gründarar og eksisterande verksemder i kommunen får tilbod om inntil seks timar gratis førstelinerettleiing i regi av næringsavdelinga, utvida bistand etter behov og ikkje minst ei aktiv kopling mot verkemiddelapparatet slik som Innovasjon Norge, Skattefunn, Driv Agder og liknande aktørar, seier Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet.

Skal vere proaktiv

6-timarsmodellen skal vere proaktiv, auke kompetanse og samstundes opne dører for eksterne midlar og kompetanse. 

– No aktualiserer me dette i takt med ny strategisk næringsplan og nye retningsliner for kommunal stønad. Målet er eit betre totaltilbod, seier næringsrådgjevar Markus Lund.