Bykle kommune vidarefører ordninga med rabatt på sesongkort i alpinbakkar og badeland

Dei folkevalde i Bykle kommune vedtok den 30. oktober å vidareføre ordninga der fastbuande born og unge kan få rabatt på sesongkort både til Hovden alpinsenter og Hovden Fjellbad. 


 

Ny eigenandel for sesongkort i Hovden alpinsenter blir 1000 kr. for dei mellom 7-19 år. Eigenandel for årskort i Hovden Fjellbad blir 500 kr. for dei frå 3-19 år. Korta skal ein som vanleg kjøpe i skisenteret eller badeland. Sesongkort i alpinsenteret kan ein kjøpe frå 10. november, med siste frist 1. desember. Alpinkortet må kjøpast på nett via Hovden alpinsenter. I tillegg gjekk dei folkevalde inn for endå ei ny ordning, at fastbuande familiar med tre born eller fleire, skal kunne få 50% avslag frå og med born nr. 3 både til Hovden alpinsenter og Hovden Fjellbad. Den rabatten får ein også når ein tingar korta direkte.

Ny ordning for fritak frå eigenandel

Familiar med ei samla inntekt på ikkje meir enn 6G (kring 780.000 kr.) kan søke om fritak frå eigenandel. Søknadsfristen var 1. desember. For spørsmål om denne ordninga, kan ein kontakte kommunalsjef oppvekst og kultur, Kjetil Vik, på epost kjetil.vik@bykle.kommune.no .

Nytt individuelt tilbod

Er du eller ungdomen din på jakt etter ei aktiv og meiningsfull fritid, men ski eller bading er ikkje heilt tingen? Med ny, utvida aktivitetsordning får ein større valfridom. Ein kan bruke ordninga på andre aktivitetar enn dei tradisjonelle tilboda, til dømes ridetimar, kino eller kulturskule. Det er også råd å kombinere bading eller ski med ei anna fritidsinteresse. 

For spørsmål om nytt individuelt tilbod, kontakt kultur og fritid i Bykle kommune på epost kultur@bykle.kommune.no eller tlf 90216856