Bykle kommune trefte Kulturminnefondet

Under LVK-samling på Røros nyløeg nytta Bykle kommune høvet til eit treff med Simen Bjørgen i Kulturminnefondet.

– Nyttig møte med kulturbygda, slår han fast.

Frå venstre: plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå, Simen Bjørgen i Kulturminnefondet,  kommunedirektør Karina Sloth og ordførar Hans Blattmann. - Klikk for stort bileteFrå venstre: plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå, Simen Bjørgen i Kulturminnefondet, kommunedirektør Karina Sloth og ordførar Hans Blattmann. Bykle kommune

Bjørgen fekk ein prat med både plansjef Signe Sollien Haugå, kommunedirektør Karina Sloth og ordførar Hans Blattmann.

– Bykle er ein kommune med viktige kulturmiljø og dessutan ein svært god kulturminneplan, slår leiaren i Kulturminnefondet fast etter turen.

– Eit flott møte, og med tema frå eit fagfelt som er viktig for Bykle kommune, seier kommunedirektør Karina Sloth.