Bykle kommune til stades på sørgegudsteneste i Bykle kyrkje sundag

I samband med bortgangen til Kong Harald V blir det skipa til sørgegudsteneste i Bykle kyrkje førstkomande sundag 6. september klokka 16. Bykle-ordførar Hans Blattmann deltek på vegne av Bykle kommune.

Det er sørgegudsteneste i Bykle kyrkje sundag 6. september klokka 16. Ole Birger Lien

Gudstenesta sundag er open for alle som vil vere med. Kyrkjene i kommunen er opne kvar dag fram til gravferdsdagen onsdag 9. september. 

Samlar inn helsingar

Viss nokon legg ned teikningar eller helsingar i kyrkjerommet blir alt saman samla inn og delt med Slottet. Sist fredag vart det lagt ut kondolanseprotokoll i Bykle rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene kvardagar mellom klokka 09-14. Protokollen blir liggande ute heilt til gravferda. Det er også lagt ut kondolanseprotokoll i kyrkjene i kommunen.