Bykle kommune øvde seg på beredskap

Tysdag i denne veka var kriseleiinga i Bykle kommune saman med andre deler av beredskapsorganisasjonen samla til øving. Det avdekka gode rutinar, og læringspunkt.

Beredskapsøving i Bykle kommune tysdag. Ole Birger Lien

2026 er totalforsvarsåret - og Bykle kommune har over fleire år auka fokuset på beredskapsarbeid. Det har resultert mellom anna i samarbeid med Valle kommune - og ei eiga lokal eigenberedskapsveke kvar vår. Den nasjonale eigenberedskapsveka er i oktober. Også i åra som kjem skal fokus på beredskap vere eit nøkkelord.

– Stadig viktigare

Beredskapsansvarleg i Bykle kommune, kommunedirektør Karina Sloth, seier seg nøgd med gjennomføringa tysdag.

– Beredskap er diverre stadig viktigare. Ein treng bare å sjå rundt seg i verda for å forstå det. Så har Bykle kommune alt i fleire år satsa på beredskap, og me byggjer vidare på det me har fått til så langt, seier ho.

– Kan alltid bli betre

Utan å gå inn på kva øvinga tysdag handla om, slår beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen, fast at øving er heilt nødvendig.

– Ein kan alltid bli betre, og kjem aldri i mål. Beredskap handlar også om alt me ikkje kan tenke oss, difor må me bare førebu oss så godt me kan, og då er øvingar viktig, seier han.