Bykle-ordførar Hans Blattmann håpar på mange gode kandidatar til den nyoppretta berekraftsprisen i Bykle kommune.
Ole Birger Lien
Formålet med prisen er at utmerkinga skal fremje og anerkjenne framifrå innsats innan miljøvern, naturforvaltning, berekraft og innovasjon. Prisen skal stimulere til auka naturomsyn og nyskapande løysingar som bidreg til eit meir berekraftig lokalsamfunn. Berekraftprisen består av eit diplom, 10.000 kr. og ein kunstnarleg utforma plakett.
Mange i målgruppa
Berekraftprisen kan delast ut til einskildpersonar, verksemder, organisasjonar eller institusjonar i Bykle kommune som har gjennomført viktige miljøtiltak lokalt, utvikla nye løysingar som fremjar berekraft, bidrege til auka miljømedvit i lokalsamfunnet, vist særleg engasjement for naturvern eller har innført miljøvenlege driftsmetodar.
– Me lev i ei tid med auka fokus på berekraft. Vi må i framtida erstatte ikkje-fornybare ressursar med fornybare i alle delar av samfunnet, slik at framtidige generasjonar skal kunne leve gode liv. Vesle Noreg kan ikkje ha ansvaret for dette aleine, men alle må bidra på sin måte i denne omstillinga, også Bykle. Med denne prisen ynskjer kommunen å honorere og lyfte fram gode idear og tiltak som kan vise veg og inspirere andre til å vere med på denne store dugnaden, seier Bykle-ordførar Hans Blattman.
Innstilling til kommunestyret
Det er næringsavdelinga i Bykle kommune som går gjennom det som kjem inn av forslag på kandidatar, så er det kommunestyret som til slutt vel mellom tre kandidatar under eit ordinært kommunestyremøte. Alle fastbuande i kommunen kan nominere ein kandidat. Frist for nominasjon kvart år er 15. mars. Forslag skal vere grunngjevne og forslagsstillar skal vere namngjeven. Prisvinnaren får høve til å ha ei utstilling, og blir oppmoda om å presentere arbeid/prosjekt der, og invitere skuleklassar.
Har du spørsmål om berekraftprisen? Då kan du kontakte Vidar Mortensen i Bykle kommune på epost vidar.mortensen@bykle.kommune.no