Bykle kommune med ulike sommarjobbar for lokal ungdom - søknadsfrist er 20. april!
Bykle kommune lyser no ut sommarjobbar for studentar og skuleelevar med fast bustadsadresse i Bykle kommune. Tidsromet for stillingane er 22.06-09.08.26, og søknadsfristen er 20. april.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.04.2026 10:00
Sist endra 09.04.2026 10:00
Bykle kommune sysselset kvar sommar lokal ungdom i sommarjobbar med alt frå grasklypping som her til måling og anna.
Ole Birger Lien
Aktuelle søkjarar blir tekne inn etter alder og kommunen sitt behov for arbeidskraft, Bykle kommune stiller ingen jobbgaranti. I søknaden må det kome fram kor ein ynskjer å arbeide og når. Dei som ser for seg jobb i teknisk drift og eigedom må hugse på at arbeidsperioden må vere samanhengande.
Ulike jobbar
Bykle kommune har stillingar innan teknisk drift og eigedom, SFO (både Bykle og Hovden), barnehagane (både Bykle og Hovden) og Hegni sommardrift.
Arbeidsoppgåver:
Teknisk drift og eigedom:
- Vedlikehaldsoppgåver ute og inne
- Reinhald
- Grøntarbeid
SFO og barnehage:
- Aktivitetar med ungane ute og inne
Hegni sommardrift:
- Arbeide i kaféen
- Vedlikehald av uteområdar
- Andre tillagte oppgåver
Søknadsfrist på sommarjobbane er 20. april. Søkjarar må vere ferdig med 10. klasse og ha fast bustadsadresse i Bykle kommune. Søkjarar til SFO og barnehage bør helst vere minst 18 år, men det er ikkje eit absolutt krav.
Her finn du meir informasjon og stillingsannonsa