Bykle kommune med ny sesongkort-støtte i Hovden alpinsenter - utvida kjøpefrist
Kommunestyret i Bykle vedtok 30. november at fastbuande vaksne personar med under 4G i inntekt skal få 20% rabatt på sesongkort i Hovden alpinsenter i tillegg til dei 30% som alt ligg inne i prisane for lokale. Fristen for å kjøpe sesongkort blir no forlenga frå 1. til 20. desember.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.12.2023 13:28
Sist endra 04.12.2023 13:37
Kommunestyret i Bykle har gått inn for ekstrarabatt i Hovden alpinsenter for folk med låg inntekt.
Hovden alpinsenter.
Det betyr at dei som fell inn under kriteria for den ekstra rabatten på 20% no kan tinge seg sesongkort. I utgangspunktet kostar eit sesongkort 8700 kr. Med 30% rabatt for fastbuande har prisen vore 5460 kr., men no, med ytterlegare 20% rabatt blir prisen for dei med under 4G i inntekt 3900 kr.
Promokoden er: Kommune23
HER kan ein tinge seg heiskort på nett