Bykle kommune med folkehelsedagar og markering av Verdsdagen for psykisk helse 9.-10. oktober

Heilt sidan tidleg i 2023 har folkehelse hatt full fokus i Bykle kommune. I februar i fjor vart det første av to folkemøter skipa til med kommuneoverlege Kjetil Juva og skulefagleg ansvarleg Kjetil Vik som regissørar. Då vart arrangementet vitja av både “Fenriken”, Geir Aker, og folkehelsedirektør i Agder, Vegard Nilsen. Så, i oktober i fjor, var det nytt folkehelse-møte, og der kom sjølvaste Dag Otto Lauritzen for å delta! No er det klart for runde tre, denne gonga med endå fleire aktørar i kulissane. Under tittelen “Aktive saman i Bykle” skipar Bykle kommune til to dagar med inspirasjon der fellesskap, aktivitet og nyttig kunnskap om psykisk helse står i fokus. 

Klare for ny folkehelse-runde i Bykle kommune! Frå venstre: skulefagleg ansvarleg Kjetil Vik, leiar frivilligsentralen Merete T. Egeland og leiar i Brynje-prosjektet, Vidar Mortensen. - Klikk for stort bileteKlare for ny folkehelse-runde i Bykle kommune! Frå venstre: skulefagleg ansvarleg Kjetil Vik, leiar frivilligsentralen Merete T. Egeland og leiar i Brynje-prosjektet, Vidar Mortensen. Ole Birger Lien

I tillegg til Juva og Vik er no også Frivilligsentralen, Brynje-prosjektet og Hovdestøylen involvert i opplegget. Eit tettpakka program ventar folk i alle aldrar. Onsdag 9. oktober klokka 18.30 er det klart for foredrag på Hovdestøylen hotell. Johanne Refseth, mest kjent som “Psykolog med sovepose”, tar for seg naturen og korleis naturopplevingar kan styrke den psykiske helsa vår. Ho er aktuell med boka “Tøffare enn du trur”, og har nok mangt eit vink om korleis ein kan bruke naturen som både rekreasjon og “medisin”. Dørene opnar klokka 18, arrangementet er gratis og ope for alle. 

Frå seniortrim til turgruppe

Torsdag 10. oktober blir ein einaste lang maratondag av aktivitetar! Frå klokka 11-13 er det seniortrim og kafé i samfunnshuset i Bykle. Dit kjem fylkeseldreombod Hanne Merethe Nøding. Arrangementet er ope for alle. Klokka 14-15 blir det skipa til turgruppe på Hovden. Det er oppmøte ved Hovden grendehus for ein triveleg og lett tur i nærområdet. Turen er open for alle, og passar for alle! Arrangementet er i samarbeid med Raudekrossen og oppstarten av deira besøksteneste.

– Turgruppa er bare eitt av fleire tiltak Bykle frivilligsentral i samarbeid med Brynje-prosjektet har kome opp med i løpet av det siste året som har folkehelse, integrering og fellesskap som grunnmur. I tillegg til turgruppa har me også seniortrim og yoga, seier leiar i frivilligsentralen, Merete T. Egeland.

Meir om satsinga, kalla “Aktiv på dagtid”, kan du lese HER

Løysingsverkstad

Frå klokka 18-20 blir det i samarbeid med Agder fylkeskommune og Raudekrossen skipa til løysingsverkstad i Hovden grendehus. Tema er einsemd og utanforskap og korleis ein kan motvirke dette. Raudekrossen opnar med eit innlegg før ein i fellesskap skal drøfte nye og kreative løysingar. Samlinga passar både for ungdom og vaksne. Det er enkel servering under arrangementet, og det blir sett opp transport frå Bykle. 

– Det går buss frå Bykle skule klokka 17, med retur klokka 20.15, seier leiar i Brynje-prosjektet, Vidar Mortensen.

Til løysingsverkstaden er det påmelding - den som vil melde seg på kan gjere det HER

Markerer Verdsdagen for psykisk helse

I tillegg til alt dette vil det i veke 41 vere arrangement for Verdsdagen for psykisk helse på ungdoms- og vidaregåande skular i Bykle og Valle, i samarbeid med skulehelsetenesta, psykisk helse og familiestøtte, skulane og kultur og fritid. Verdensdagen for psykisk helse er 10. oktober.

– Det gode her er at den raude folkehelse-tråden er ivareteken, endå fleire aktørar står saman, og satsinga omfattar både unge og vaksne. Folkehelse-arbeid er ikkje noko ein avsluttar, men eit stadig pågåande prosjekt. No håpar me at mange vil vere med, så ser me fram til spennande og lærerike dagar, seier skulefagleg ansvarleg i Bykle kommune, Kjetil Vik.