Bykle kommune inviterer til sommarcamp på Hegni!

Bykle kommune inviterer til sommarcamp for fastbuande ungdom frå 5.- til 10. klasse onsdag 14.- og torsdag 15. august. Alt saman er aldeles gratis!

Tilbodet gjeld også dei som byrjar i 5. klasse no til hausten. Frå klokka 12-16 begge dagane blir det lagt opp til mange spennande aktivitetar og mykje moro.

– Me deler opp grupper etter alder når me har oversikt over deltakarane, seier Mari Allenda Bolstad i Bykle kommune.

Mat inkludert

Det blir mat å få for deltakarane begge dagane. Alt ein må ha med er klede etter forholda, og sjølvsagt masse godt humør! Det blir organisert skyss frå Bykle til Hovden for dei som bur i Bykle, det er oppmøte på busshaldeplassen ved skulen i Bykle klokka 11.15. Retur til Bykle er om lag klokka 16.

Påmeldingsfrist er sett til 26. juni.

HER kan ein melde seg på!