Bykle kommune har snart 3000 fylgjarar på appen Civis!
Bykle er ein av stadig fleire norske kommunar som nyttar appen Civis for å sende ut nyheitsvarsel. Talet på fylgjarar har for lengt runda 2700 - det neste målet er 3000! Med utgangspunkt i ein kommune med litt over 1000 innbyggjarar er oppslutninga fenomenal!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.09.2024 10:18
Sist endra 04.09.2024 10:18
Alle som lastar ned Civis og fylgjer Bykle kommune får varsel med ei overskrift, bilete og ein ingress. Er ein interessert i meir om den aktuelle saka, er sjølve oppslaget på heimesida bare eit tastetrykk unna. Det er altså gratis å laste ned og bruke Civis.
Sjølvbetjening
I tillegg til varslinga er det ein eigen sjølvbetjeningsfunksjon der ein kan finne alt frå politiske saker til postlister og viktige telefonnummer. Ein kan også velje om ein vil ha alt av nyheitsvarsel frå Bykle, eller bare det som høyrer inn under kategorien “hyttebyklar”.
HER kan ein laste ned Civis for Android
HER kan ein laste ned Civis for Apple
Hugs å krysse av at du vil fylgje Bykle kommune!