Bykle kommune feira 25-årsjubilantar!

Tysdag i denne veka gjorde Bykle kommune stas på årets 25-årsjubilantar med festmiddag, blomar og gåve. Signe Lillemo Mundal, Jorunn Andersen og Eldri Haugenes vart feira på beste vis! 

Frå venstre: Signe Lillemo Mundal, Jorunn Andersen og Eldri Haugenes. Helene Nilsen

Også Are Bjørgum og Vivi Merete Løyland Aasen er jubilantar i år, men dei var ikkje til stades på Furumo kafé på markeringa.

– Engasjement av stor verdi

Personalsjef i Bykle kommune, Helene Nilsen, er full av lovord om dei fem jubilantane.

– Kommunen ynskjer å takke for eit kvart århundre med arbeidsinnsats og engasjement som er av stor verdi for Bykle kommune, for kollegaene deira og ikkje minst for bygdefolket. Den lange tenesta deira viser både lojalitet og vilje til å bidra over tid. Dette set me stor pris på, seier ho.