Bykle kommune delte ut utviklingsstipend

To unge utøvarar har fått utviklingsstipend frå Bykle kommune på 25.000 kr. kvar. 

Chiara Isabella Saudeco Barbaro (t.v.) og Malin Dale fekk utviklingsstipend frå Bykle kommune. - Klikk for stort bileteChiara Isabella Saudeco Barbaro (t.v.) og Malin Dale fekk utviklingsstipend frå Bykle kommune. Helga Jacobsen

Chiara Isabella Saucedo Barbaro har fått stipend for å vidareutvikle seg som målar og med teikningar. 15-åringen har ein djup lidenskap for kunsten sin, og bruker mykje tid på dette. Chiara har trass i sin unge alder alt delteke i fleire utstillingar, mellom anna UKM. Der har ho sikra seg plass i fylkesfinalen to gonger, og i år bar det heilt til landsfinalen i Bodø. Ho har tenkt seg til Tangen vidaregåande skule i Kristiansand til hausten, og ser for seg studiar innan kunst, design eller kommunikasjon. 

Hip-hop

Malin Dale får stipend for å satse vidare på hip-hop-dans. 16-åringen har vore med på UKM sidan 2018, og har kome både til fylkesfinale og landsfinale. Ho har også dansa på Rekordfestivalen på Hovden. Til hausten planlegg ho å gå på Vågsbygd vidaregåande skule med fordjupning i dans, og ho vil ta privatundervisning. Etter vidaregåande er Bårdar Danseinstitutt i Oslo målet, der ho vil utdanne seg til dansepedagog og satsar på å bli profesjonell dansar.