Bykle er ute etter arbeidsleiar for sommarvikarane!
Kvar sommar er lokal ungdom i sving som sommarvikarar i Bykle kommune. No blir det lyst ut stilling som arbeidsleiar for gjengen.
Andrè Mandt Haugen i sving som sommarvikar i Bykle kommune for nokre år sidan. No lyser kommunen ut stilling som arbeidsleiar for sommarvikarane.
Ole Birger Lien
Stillinga, som er 100%, går frå 15. juni til 9. august. Arbeidsleiaren skal følgje opp, instruere og hjelpe sommarvikarane i forhold til dei oppgåvene som skal utførast i teknisk drift og eigedom, både i Bykle og på Hovden.
Røynsle ein fordel
Ein er ute etter eit praktisk anlagt menneske, gjerne med røynsle frå vedlikehald av bygg og grønt - til dømes husmåling eller grasklypping. Ein må ha minimum førarkort klasse B. Førarkort klasse BE er ønskjeleg, men ikkje eit absolutt krav.
– Me er ute etter den som er god til å kommunisere og rettleie, planleggje, fylgje opp og ha oversikt. Det er også slik at den som blir tilsett må kunne arbeide heile perioden, seier tenesteleiar teknisk drift og eigedom, Eirik Birkeland.
Søknadsfrist er 6. april.
Her kan du lese meir og søke stillinga.
Har du spørsmål om stillinga? Då kan du ringe Eirik Birkeland på tlf 41687873
Publisert 23.03.2026 08:49
Sist endra 23.03.2026 08:49