Bykle-elev på pallen i skrivetevling i regi av mållaga på Agder

Kvart år skipar mållaga på Agder til ei skrivetevling retta mot elevar i 9.- og 10. klasse. I år gjorde Nora Hoslemo ved Bykle barne- og ungdomsskule det så skarpt at ho vart tredje best i sin klasse!

Nora Hoslemo fekk diplom og 1500 kr. frå mållaga på Agder etter ein finfin tredjeplass i skrivetevling. Else Gyro Rysstad var utdelar. - Klikk for stort bileteNora Hoslemo fekk diplom og 1500 kr. frå mållaga på Agder etter ein finfin tredjeplass i skrivetevling. Else Gyro Rysstad var utdelar. Bykle barne- og ungdomsskule

Med den innsatsen troppa Else Gyro Rysstad opp på skulen nyleg på vegne av mållaga. Ho hadde med både diplom og ein premie på 1500 kr. til den unge skribenten.

Alle skular i fylket med

Alle skulane i Agder kan delta i tevlinga. Det er difor mange å måle litterære krefter med, og Nora hamla altså opp med dei aller fleste! Ho hadde sju oppgåver å velje blant, og tok nr. 5: “Meldt sakna”. Ho skulle skrive ei novelle om ei forsvinningssak, og historien skulle ha ein overraskande slutt. Det klarte ho altså til gagns, og kan no henge diplomen på veggen og bruke pengane på akkurat det ho vil!