Bykle barnehage skipa til sitt eige OL!
Med “fly” frå Bykle barnehage til Italia, opningsseremoni og utdeling av startnummer og flagg, vart det ein heidundrande idrettsfest då barnehagen i Bykle skipa til sitt eige OL!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.02.2026 14:36
Sist endra 27.02.2026 14:36
Flotte OL-utøvarar i Bykle! Frå venstre: Sondre H. Mosdøl, Ellie Nesvaag, Johan Davidog Isak Bjørnarå Homme. Bak og over Nicolai Nesland.
Alle foto: Mathias Mollestad
OL bestod av to øvelsar fordelt på to dagar. Den ene dagen handla det om skiskyting, der borna gjekk ein runde rundt barnehagen. Undervegs stoppa dei og kasta risposar på blikkboksar. Det var sjølvsagt drikkestasjon undervegs, der utøvarane fekk fylle på energi i form av herleg OL-saft!
Akedag
Den andre øvinga i Bykle barnehage sitt OL var aking framom heimen. Der fekk dei tumle i ein oppkøyrt trase markert med flagg. Avslutningsvis var det sjølvsagt stor medaljeseremoni der alle fekk kvar sin medalje og diplom. Også bålpanna vart fyrt opp - både som symbol for OL-elden og ikkje minst ein triveleg stad å samle seg for å få seg litt varme!