Bygdekaféen i Bykle open kvar torsdag
Kvar torsdag mellom klokka 12-14 er det full sving i bygdekaféen i Bykle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.02.2026 13:01
Sist endra 04.02.2026 13:01

Kaféen finn ein i lokala til vaksenopplæringa like ved Bykle rådhus. I kaféen kan ein få seg ein matbit og ikkje minst ein kaffiskvett, og slå av ein prat med kjente og ukjente.
Mange innom
Det er Brynje-prosjektet i samarbeid med frivilligsentralen som står bak satsinga med bygdekafé - ei ordning som til no har vore svært vellukka med mange kafégjester innom kvar gong dørene opnar seg. Den trenden får ein både tru og håpe at skal halde fram i 2026!