Budsjettet i hamn for Bykle kommune

Budsjett for neste år og økonomiplan 2026-2029 vart vedteke i kommunestyret i Bykle sist veke.

Før handsaminga av budsjettet handsama dei folkevalde mellom anna ei sak om støtte til ladeinfrastruktur på Tykkås. I vedtaket heiter det at Bykle kommune løyver 750.000 kr. til formålet til Energyhubs AS. Selskapet må ha forretningsadreesse i Bykle kommune - og det må verksemda ha i over fem år, viss ikkje må støtta betalast tilbake. 

Tilskot til skigymnaset

Kommunestyret sa også ja til ein søknad frå Hovden Golfklubb om stønad på 700.000 kr. til nytt automatisk vatningsanlegg på Ørnefjell golfbane, vidareførte tenestekjøpsavtale med Destinasjon Hovden AS og sa ja til eit tilskot på 7,5 mill. kr. til Hovden skigymnas AS for 2026.

HER ER PROTOKOLL FRÅ MØTET