Mange fekk med seg Brynjedagen i Bykle.
Ole Birger Lien
Då prosjektet starta, viste tala at om lag 100 personar i yrkesaktiv alder stod utanfor arbeidslivet i Bykle. Av desse var 38 uføre, samstundes som kommunen ikkje hadde eigne tilbod om varig tilrettelagt arbeid. Dei første spørsmåla handla om korleis ein kunne få fleire inn i aktivitet og arbeid. Etter kvart vart det like viktig å forstå menneska bak tala.
– Eit av dei viktigaste funna var at «utanfor» ikkje er ei einsarta gruppe. Mange som ikkje er i arbeid, bidreg likevel i frivilligheit, familieliv og lokalsamfunn. Tala fortel berre ein del av historia, var ein av bodskapane som gjekk att gjennom dagen.
Prosjektet bygde på eit verdigrunnlag der alle menneske blir sett på som ressursar med noko å bidra med. Målet var ikkje berre å få fleire i arbeid, men å førebyggje utanforskap, skape tilhøyrsle og byggje sterkare fellesskap.
– Det ein ser er at ein kan ikkje bare snakke om utfordringane, ein må gjere noko. Det har me gjort her. Bykle kommune i samarbeid med mange gode aktørar har oppnådd noko saman - og det er saman me skal arbeide vidare, sa Bykle-ordførar Hans Blattmann då han opna Brynjedagen.
15 større aktivitetar
Gjennom prosjektperioden vart det prøvd ut 15 større aktivitetar, tiltak og delprosjekt - alt frå kafé til aktivitet på hesteryggen. Samstundes fekk om lag 25 personar tett individuell oppfølging, i enkelte tilfelle over fleire år. Lag og foreiningar fekk hjelp med prosjektutvikling, søknader og etablering av nye møteplassar. Ei av erfaringane frå prosjektet var at mange trong ein stad å kome før dei kunne gå vidare til konkrete tiltak. Difor vart det lagt vekt på det prosjektet omtala som ei «postkasse» eller ei open dør. Her kunne folk ta kontakt utan krav, skjema eller faste kategoriar. Prosjektet fann raskt ut at utfordringane ofte handla om meir enn arbeid. Mange peika på einsemd, manglande møteplassar og svake nettverk som dei største hindringane for deltaking. Fleire av tiltaka vart derfor utvikla rundt sosiale arenaer, frivillig arbeid og aktivitetar der folk kunne møtast som menneske framfor brukarar.
Samarbeid
På Brynjedagen deltok også fleire av samarbeidspartnarane som har hatt ei viktig rolle gjennom prosjektperioden. Representantar frå Agder fylkeskommune, NAV og ulike lokale satsingar og initiativ delte røynsler frå arbeidet med inkludering, samskaping og lokalsamfunnsutvikling. Gjennom innlegg og samtalar vart det peika på at komplekse samfunnsutfordringar sjeldan kan løysast av éin aktør åleine. Fleire av innleiarane løfta fram kor viktig det er å byggje sterke partnarskap mellom kommune, frivilligheit, næringsliv og offentlege verksemder. Erfaringane frå Bykle syner at målretta samarbeid kan utløyse ressursar som elles ikkje ville blitt tekne i bruk. Prosjektet har gjennom heile perioden hatt støtte og medverknad frå eit breitt spekter av aktørar, noko som har gjort det mogleg å prøve ut nye arbeidsmåtar og møteplassar. På Brynjedagen vart det òg lagt vekt på korleis prosjektet har henta inspirasjon frå tankane bak den såkalla «Kommune 3.0»-modellen. I denne forståinga er ikkje kommunen berre ein leverandør av tenester, men ein aktør som skaper løysingar saman med innbyggjarar, frivillige organisasjonar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.
Arbeidet tek ikkje slutt
Erfaringane frå dei tre prosjektåra peikar på at relasjonar og tillit ofte er minst like viktige som økonomiske verkemiddel. Prosjektet løfta fram kompetanse, rettleiing og nettverksbygging som nokre av dei mest verdifulle ressursane kommunen kan bidra med. Søknadshjelp, støtte til prosjektutvikling og hjelp til å finne fram i systema har i mange tilfelle vore like viktig som økonomiske løyvingar. Deltakarane fekk også presentert fleire råd til andre kommunar som ønskjer å arbeide med inkludering. Mellom råda var å starte med dei kreftene som alt driv inkluderingsarbeid, bruke eksisterande møteplassar, ha låg terskel for kontakt og planleggje vidareføring av arbeidet frå første dag. Sjølv om brynjeprosjektet no er avslutta, var bodskapen frå Brynjedagen tydeleg: Arbeidet med inkludering tek ikkje slutt. Erfaringane skal vidare inn i kommunale planar, strategiar og samarbeid, slik at kunnskapen og nettverka som er bygde opp gjennom prosjektet kan gi varige resultat både i Bykle og i regionen elles. Den viktigaste lærdommen frå dei tre åra kan kanskje oppsummerast slik: Dei beste løysingane blir ikkje skapte av kommunen åleine. Dei oppstår når menneske møtest, byggjer tillit og finn vegen vidare saman.