Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet vil ha samarbeid med lag og foreiningar.
Ole Birger Lien
– Me vil samarbeide med gode krefter lokalt som alt bidrar i stort monn til inkludering og innanforskap, seier prosjektleiar i Brynje, Vidar Mortensen.
Den første utlysinga kjem frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og gjeld tilskot til inkluderingstiltak for born og unge. Søknadsfristen er 1. november.
Den mest relevante ordninga finn du HER
Alle tiltaka i utlysinga ligg HER
– Brynje-prosjektet kan også bidra til hjelp med å skrive søknaden. Søknader og rapportering kjem som oftast i tillegg til anna administrasjon, difor ynskjer me å tilby praktisk hjelp til utforming av prosjekt, budsjett og sjølve søknaden for dei som treng hjelp, seier Mortensen.
For vaksne
Helsedirektoratet har ei eiga utlysing retta mot tiltak som kan motvirke einsemd og passivitet med hjelp av aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar. Målgruppa er vaksne som står i fare for å oppleve einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekning. Søknadsfristen er 2. desember.
– I denne utlysinga må kommunen søke, men me vil gjerne ha konkrete forslag til aktivitetar og tiltak, seier prosjektleiaren.
HER er lenke til utlysinga.
– Felles for begge utlysingane er at eit samarbeid mellom friviljuge og kommunen vil styrke søknaden veldig, og sjansen for å få tilskot aukar difor merkbart, seier Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet.
Har du spørsmål kan du vende deg til Mortensen på tlf 92416961 eller via epost HER