Brynje-prosjektet, Coop Bykle og Pizzabakeren på Hovden med jolaftan-feiring for alle
Jolaftan mellom klokka 17-20 kan alle som vil det kome til lokala til Pizzabakeren på Hovden og feire jol saman med andre. Det er verksemda og Brynje-prosjektet i Bykle kommune som står bak arrangementet.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.12.2025 09:36
Sist endra 12.12.2025 09:36

I lokala ventar eit ferdig pynta joletre, herleg pinnekjøt, ribbe og alt som jolegodt er på dei som møter opp. Og møte opp kan altså absolutt alle som har lyst - fullstendig gratis å vere med er det også!
Alkoholfritt arrangement
Både små og store kan delta på Hovden, feiringa er alkoholfri og det blir pakke til alle born som kjem.
Påmelding til Grete på tlf 93884485 eller Tor Henning på tlf 95070060 - frist for påmelding er 19. desember.
Den som treng skyss må seie frå om det når ein melder seg på til arrangementet.