Britt-Synnøve Johansen til Bykle aldersheim

Onsdag 11. mars kjem songar Britt-Synnøve Johansen og pianist Rasmus Solem til heimen i Bykle klokka 13 som del av Den kulturelle spaserstokken. 

Der byr dei to på ein konsert med songar frå Kveldslys og klassiske tolkningar av Piaf. Det blir garantert ei flott musikalsk oppleving! Det er gratis inngong og ope for alle.