Barnehageborna i Bykle pynta joletreet i rådhuset
Det er advent, og tradisjonen tru var det små hjelparar frå barnehagen som tok seg av joletreet i Bykle rådhus.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.12.2023 09:18
Sist endra 06.12.2023 09:18
Barnehageborna såg til at det vart flott joletre i Bykle rådhus i år også.
Sigrid Bjørgum
Dei pynta treet så det “luktar” jol i bygget. Fargar og ljos, glitter og kuler, born med jol i augene er pynt nok i seg sjølv ein elles kald og noko mørk desemberdag. Så er det å håpe for dei små at ventetida fram til jol ikkje skal bli for lang - og at jolenissen dukkar opp i år også!
Ivrige pyntarar i Bykle.
Sigrid Bjørgum