Barnehageborna i Bykle kommune øver seg i vatnet året rundt!

At born alt frå dei er små bør lære seg å symje og vere trygge i vatn, er nok alle samde i. Dette ansvaret tar Bykle kommune og barnehagane på alvor - der har borna øving på å bli vande med vatn året rundt!

Bykle kommune

I haustsemesteret er det de eldste borna, kompisane, som får opplæring i livredning og vatntilvenjing ute. Dei er saman frå begge barnehagane og er anten i Storetjønn i Bykle eller Hegni på Hovden. Dei aller minste barna har plaskebasseng i barnehagen mens ein nytter seg av basseng for dei eldre. Ved vatntilvenjing har ein fokus på å gjere barna trygge i, ved og under vatn. 

Moro “terping”

Dei tilsette er godt rusta med både livredningskurs og førstehjelpskurs, og no har også bilane ein nyttar i transporten nye bilsete på plass så alt ligg til rette for trygg og god læring i vatnet for borna.  Så er det slik at ikkje all øving og “terping” er like moro. Vatntilvenjing for borna er både frisk aktivitet, moro og spennande, og sers viktig. Det målretta fokuset ein har hatt på dette i Bykle kommune gjennom fleire år, blir lagt merke til og sett stor pris på. Og borna? Dei gnur på av hjartans lyst!

Bykle kommune