Bandtvang i Bykle kommune til 15. oktober

Den ordinære bandtvangen gjeld fram til 20. august. I Bykle kommune er det innført utvida bandtvang til 15. oktober.

Det er utvida bandtvang i Bykle kommune til 15. oktober. - Klikk for stort bileteDet er utvida bandtvang i Bykle kommune til 15. oktober.

Bandtvangen er innført for å skjerme husdyr og vilt frå lause hundar.  Av og til glepp det, og det har gjennom åra vore fleire uheldige episodar som har gått ut over spesielt sau på beite. Difor kan det vere greitt med ei lita påminning om bandtvangen.

Unnatak

Det finst unnatak til bandtvangen. For brukshundar som til dømes sauehundar, eller hundar som blir nytta i søk etter såra eller sjukt dyr eller andre redningsoppgåver, er det når hundane er i oppdrag unnatak også før 20. august når ordinær bandtvang går ut og i perioden fram til 15. oktober. For jakthundar under jakt er det unnatak i perioden mellom 20. august og 15. oktober.