Avslutning på Friluftslivets år på Hegni fredag 5. desember

Friluftslivets år blir avslutta med ein samankomst på Hegni på Hovden fredag 5. desember klokka 16.

Det vert aktivitetar og gratis suppe til alle som kjem, og det er fyr i grillen til medbrakt mat. For borna ventar ein spennande rebus, medan dei vaksne får bryne seg på quiz. Med på avslutninga Bykle frivilligsentral skipar til er to prosjektleiarar frå Midt-Agder friluftsråd.

– Så må me bare rette ei stor takk til alle som har vore med og bidra til flotte stunder ute, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.