Aukande fødselstal i Bykle kommune - her er tre ferske byklarar som perler på ei snor!
Fødselstala i Bykle kommune dei siste åra har vore aukande - og i år er lovande med i alle fall 11-12 fødslar frå no og fram til hausten. Den som svinger innom barselsavdelinga på sjukehuset i Kristiansand i desse dagar, vil sjå dette i praksis - der ligg det tre ferske byklarar som perler på ei snor - og alle er jenter!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.04.2026 13:24
Sist endra 24.04.2026 13:24
Tre nye byklarar som perler på ei snor!
Asbjørn Gjerden
Jordmor Grethe Mosdøl Nomeland slår fast at det er ikkje kvar dag så mange nye byklarar dukkar opp så og seie samstundes.
– Nei, tre på rekke og rad slik er sjølvsagt ikkje heilt vanleg, men veldig moro, smiler ho.
Kortreiste
At fem av seks foreldre til dei tre borna også er lokale, betyr at dei tre nurka er så kortreiste som det er råd å få dei. Vesle Signe med foreldra Ingunn Jegteberg og Asbjørn Gjerden, Sonja i midten på biletet med foreldra Kliff Erik Hoslemo og Rebekka Bentsen Hoslemo og til høgre Ida med foreldra Anne Vatnedalen og Kristian B. Valen utgjer ein feiande flott Bykle-trio - trygt plassert på barselavdeling og snart klare til å kome heim til Bykle kommune!