Aud Skagestad fekk Bykle kommune sin kulturpris!

Blant mange høgdepunkt nasjonaldagen var utdelinga av Bykle kommune sin kulturpris. Den var det Aud Skagestad som kunne ta med seg heim. 

Aud Skagestad, her med sin Dag, fekk Bykle kommune sin kulturpris 17. mai. Helga Jacobsen

I grunngjevinga heiter det:

Aud Skagestad har vært med i Byklespeidaren heilt frå byrjinga. Ho har vore aktiv heilt fram til i dag, og ein samla innsats på 40 år i KFUK-KFUM står det stor respekt av. I tillegg til speidararbeidet har Aud vore ein viktig støttespelar i kyrkja og soknerådet. Ho har fleire periodar bak seg i rådet, mellom anna som nestleiar, og ho har gjort ein solid innsats som kyrkjevert. Aud er ein omsorgsperson som alltid tek seg tid til ein prat, noko som speglar godt kven ho er. Engasjementet hennar strekkjer seg også til idretten og lokalsamfunnet elles. Ho stiller alltid opp på dugnad, anten det er i regi av speidaren, Bykle IL, Bykledagen  eller gjenbruksbutikken på Hovden og ho har vore ein viktig primus motor for  seniortrimmen hjå frivilligsentralen.

Ein vel fortent pris med andre ord, til ein mottakar mange gleda seg over at fekk akkurat denne heideren.