Alt klart for folkefest i Bykle 17. mai!
Det meste av programmet er på plass, og det er snart klart for den store folkefesten 17. mai - i år er feiringa i Bykle kyrkjebygd.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.05.2026 14:19
Sist endra 11.05.2026 14:19
17. mai-feiringa i år blir i Bykle kyrkjebygd.
Bykle kommune
Det går buss frå Hovden rutebilstasjon til Bykle samfunnshus klokka 10.15. Ved samfunnshuset er det oppstilling til 17. mai-tog klokka 11, med avgang eit kvarter seinare.
Leikar og mat
Aktivitetar og leikar i skulegarden og ikkje minst matsalet inne i samfunnshuset tar til klokka 11.45. Frå klokka 14.00 går kulturprogrammet i kultursalen med talar, underhaldning og prisutdeling. Sille Kjøstvedt held ungdomens tale, medan Ollie Rysstad tar seg av 17. mai-talen. Bussen opp att til Hovden via Bykle kyrkje går klokka 15.15. Klokka 15.30 er det gudsteneste i Bykle kyrkje, før bussen går frå kyrkja til Hovden rutebilstasjon klokka 16.30. Eit tettpakka og tradisjonelt program for feiringa i Bykle altså, med noko for dei fleste!