Alt i rute før 17. mai-festen i Bykle!
Førstkomande sundag ligg alt til rette for ein flott 17. mai-fest i Bykle kyrkjebygd. Også vérgudane tykkjest spele på lag - i Bykle er det meldt lettskya med glimt av sol!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.05.2026 13:09
Sist endra 15.05.2026 13:09
Bykle kommune
Det går buss frå Hovden rutebilstasjon til Bykle samfunnshus klokka 10.15. Ved samfunnshuset er det oppstilling til 17. mai-tog klokka 11, med avgang eit kvarter seinare.
Leikar og mat
Aktivitetar og leikar i skulegarden og ikkje minst matsalet inne i samfunnshuset tar til klokka 11.45. Frå klokka 14.00 går kulturprogrammet i kultursalen med talar, underhaldning og prisutdeling. Sille Kjøstvedt held ungdomens tale, medan Ollie Rysstad tar seg av 17. mai-talen. Bussen opp att til Hovden via Bykle kyrkje går klokka 15.15. Klokka 15.30 er det gudsteneste i Bykle kyrkje, før bussen går frå kyrkja til Hovden rutebilstasjon klokka 16.30. Eit tettpakka og tradisjonelt program for feiringa i Bykle altså, med noko for dei fleste!
