Alle ungdomsråda i dalen samla på Hovden
Det vart to innhaldsrike dagar då ungdomsråda i Setesdal samla seg på Hovden i regi av Bykle kommune, Setesdal regionråd og koordinatorane for dei ulike ungdomsråda.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.01.2026 09:56
Sist endra 30.01.2026 09:56
Ungdomsråda i dalen og Setesdal regionråd samla på Hovden nyleg, og med fylkesordførar Arne Thommassen på skjerm i bakgrunnen.
Even Fredriksen
Med base på Hovdestøylen inneheldt dag ein mellom anna innebandyturnering kommune mot kommune, ein sving innom jernvinnemuseet og ikkje minst historieforteljing av Helga Jacobsen. Det vart også tid til ein dukkert i Hovden Fjellbad før middag utpå kvelden.
Korleis bli ein god politikar?
Dag to var ein temadag med spørsmålet “Korleis bli ein god politikar”? Tidlegare stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland styrte ordet saman med Simon Netland frå Ungdommenes fylkesutvalg. I løpet av samlinga vart det både gruppeoppgåver internt i dei ulike ungdomsråda, og så samla. Fleire av ordførarane i dalen, som alle sit i styret i regionrådet, deltok på Hovden.
Gruppearbeid var ein viktig del av dag to på samlinga.
Even Fredriksen