Aktiv på dagtid-oppstart i veke 3

Det blir nok av aktivitetar i Bykle og på Hovden i regi av Aktiv på dagtid også i 2026! Det er oppstart på opplegget i veke 3.

Det blir både yoga, turgruppe, trimtreff og Sterke saman. I tillegg tar bading i bassenget i Bykle til att 7. januar. Det er familiebading 16.30-17.45 og vaksenbading 18-19. 

– Ein kan fylgje med på Spond eller aktivitetskalenderen i Friskus for oppdatert informasjon, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.

For spørsmål kan ein ringe Hovden grendehus på tlf 90216856 eller sende epost til kultur@bykle.kommune.no