Nokre av dei som bidreg i prosjektet, frå venstre: Agnes Fosse Hovden frå Rideklubben, Bernt Einar Berntsen frå Bykle Pensjonistlag, Vidar Mortensen i Brynjeprosjektet, og Aud Standal Skagestad i diakoniutvalet.Prosjektet som no får støtte i Bykle handlar om inkluderingsarbeid der kommunen i stor grad skal samhandle med ulike lokale lag og foreiningar. Det skal arbeidast på nøytrale og ikkje-kommunale arenaer med ulike tiltak tilpassa behov og interesser.
- Bykle kommune satsar på inkludering og det vert lagt merke til. I hard nasjonal konkurranse nådde vårt prosjekt opp og dei statlege midlane forsterkar dermed den kommunale innsatsen, seier Vidar Mortensen i Brynjeprosjektet.
Møteplassar
I satsinga i Bykle skal det skapast møteplassar og fellesskap, og både bygdefolk, flyktningar, born, eldre og barnefamiliar skal aktiviserast. Det skal gjennomførast mykje frivillig innsats, og alt som blir av aktivitetar skal vere gratis.
– Det i seg sjølv er inkluderande, seier Mortensen, som strekar under at behovet for meir inkludering kan gjelde i alle demografiske grupper og ulike aldrar.
Rekruttering til prosjektet blir i stor grad gjennomført via dei ulike laga og foreiningane blir med.
Mange aktivitetar
Mange ulike aktivitetar kan vere aktuelle. Arbeidsfellesskap i stall, aktiv med hest, bygdekafé, open verkstad, såkalla “Makerspace”, skautreff og mykje meir.
– Me gler oss stort over tilskotet frå Helsedirektoratet, og ser fram til å kome vidare i dette viktige arbeidet, seier Vidar Mortensen.