120 fekk med seg foredrag om tungtvassaksjonen!

Det var mange med då Tor Nicolaysen heldt foredrag om tungtvassaksjonen under kulturkaféen i Bykle nyleg.

Mange fekk med seg foredrag om tungtsvassaksjonen på kulturkafé i Bykle. - Klikk for stort bileteMange fekk med seg foredrag om tungtsvassaksjonen på kulturkafé i Bykle.

Kring 120 menneske samla seg til det som vart eit spennande foredrag om den kanskje største og mest kjente sabotasjeaksjonen under den andre verdskrigen. Nicolaysen fortalde levande om sabotørgjengen som måtte takle eine strabasen etter den andre, og som slapp unna den spektakulære aksjonen på Rjukan.

Songlaget med

Bykle songlag var med og krydra kvelden i samfunnshuset. Dei som kom fekk også sjansen til å smake den gode thaimaten Chananya Haugen diska opp med, så ingen måtte gå svoltne heim!