Motorferdsel i utmark og vassdrag
Motorferdsel i utmark omfattar bruk av snøscooter, terrengmotorsyklar, firehjulingar og andre kjøretøy berekna på køyring i terrenget på snødekt mark eller barmark, motorbåtar og andre motorfartøy samt luftfartøy som fly og helikopter.
Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag regulerast av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag og tilhørande forskrifter. Kommunen er myndigheit, og kan gje dispensasjonar frå regelverket til nærmare bestemte føremål.
Føremålet med loven er å verne om naturmiljøet og sikre friluftsliv og rekreasjonsverdiar. Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdsellova) har som utgangspunkt at motorisert ferdsel i utmark og vassdrag ikkje er tillate med mindre det følgjer av loven eller vedtak med heimel i lova.
Retningsliner for motorferdsel i utmark i Bykle kommune 2023 - 2027 (PDF, 390 kB)
Søknadsskjema for motorferdsel i utmark og vassdrag
Søknadsskjema for motorferdsel i verneområda SVR
Næringsløyver for motorferdsel i utmark
Kontakt følgande personar for transport av ved, utstyr og anna leigekjøyring i Bykle kommune:
- Geir Anders Breive, Heile kommunen - Tlf: 908 95 941
- Birger Trydal, Bykle (Nedre del av kommunen) - Tlf: 901 94 916
- Sigbjørn Hoslemo, Hovden og midtregionen - Tlf: 907 64 043
Publisert 04.08.2023 11:28
Sist endra 15.05.2024 08:17