Tilrettelagt transport for personer med nedsett funksjonsevne (TT-Kort)

Har du nedsett funksjonsevne og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Det er kommunen som handsamar søknadane:

Frist for innsending av søknad er 15. mai og 15. november

TT-kort ordninga (Agder Fylkeskommune)

Søknaden skal sendast til Bykle kommune og det må sendast legeerklæring saman med søknaden. 

Søknadsskjema tt-ordningen Bykle kommune (PDF, 229 kB)

Ring kommunen på telefon 37 93 85 00 om du har spørsmål