Individretta tilbod
Kven er tilbodet for:
Barn, unge og vaksne med psykiske vanskar eller lidingar, samt rusproblem og anna avhengigheit.
Kva er tilbodet:
Samtaletilbod på inntil 8 samtalar i året, men det vil vere individuell vurdering. Tilbodet er gratis.
Tilvising:
Alle kan tilvise til oss ( til dømes lege, helsesjukepleiar, jordmor, PPT, sjukehuset) og ein kan ta kontakt for seg sjølv eller på vegne av eigne barn.
Når det gjeld barn og unge under 16år, må båe foreldra gje samtykkje.
Systemretta tilbod
Målgruppe:
Andre kommunale instansar, lokalmiljøet og innbyggjarar
Bestilling:
Ved ynskje om systemretta tilbod, sendast ein skriftleg førespurnad til Psykisk helse og familiestøtte. Teamet vil ta stilling til førespurnaden og gje tilbakemelding.
Kor du kan finne sjølvhjelpsprogram
Mange kan ha god nytte av sjølvhjelpsprogram for vanskar som søvn, depresjon, dårleg sjølvbilete, angst, stress og bekymring. “Bypsykologene” har samla fleire program og verktøy, som alle er gratis. Finn dei som passar for deg.
Sjølvhjelpsprogram og verktøy Assistert sjølvhjelp (Kode får du av tenesta)
Private tilbod
Ein kan finne andre behandlingstilbod hos private aktørar, mange har videokonsultasjonar som moglegheit. Pris varierer.
Finn en psykolog
SLT-koordinator Bykle/Valle 50%
Tone Avdal
M: 98676933
tone.lise.avdal@bykle.kommune.no
SLT står for "Samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak".
SLT-koordinator jobbar for at kommunane sine førebyggande ressursar vert godt samordna. Det handlar mellom anna om å legge til rette for eit nært og godt samarbeid mellom dei ulike instansane og profesjonane som er involvert i det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet.
Eit hovudpoeng med SLT-modellen er han er forankra i leiinga hjå kommunen og politiet. Det heiter difor ein samordningsmodell, ikkje ein samarbeidsmodell.