Legevakta for Bykle og Valle kommunar - 116 117

Legevakta for Bykle og Valle kommunar har lege på vakt døgnet rundt, heile året.  Når du ringjer det sekssifra nummeret 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Legevaktssentralen for Bykle og Valle er ved legevakta i Arendal. Legevakta er anten på Hovden eller i Valle - oppmøtestad og tidspunkt vert avtalt med legevaktsentralen. Legevakta for Bykle og Valle er difor ikkje noko du kan oppsøkje uanmeldt. 

Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113. 

NÅR DU TRENG LEGEHJELP:  KVEN SKAL DU RINGJE?
Fastlegen din i opningstida
Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
113 når det er akutt og står om liv.