Legekontoret i Valle

Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngjeven allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og skal prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen. Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i.

Influensavaksinering hausten 2026

Influensavaksineringa hausten 2026 vert i år gjennomført litt seinare enn tidlegare. Dette skuldast at Folkehelseinstituttet (FHI) har meldt at influensavaksinen vert levert i veke 46.

Dei som takka ja til vaksine i fjor, vil få time til vaksinering på SMS.

Påminning om vaksinar

Vi minner om FHI sine anbefalingar om vaksinasjon for vaksne:

  • Kikhostevaksine (i kombinasjon med difteri, stivkrampe og polio): FHI tilrår oppfriskingsdose kvart 10. år for alle vaksne over 65 år.
  • Lungebetennelsesvaksine (pneumokokkvaksine): Tilrådast særleg til personar som er 65 år eller eldre, og til personar med visse kroniske sjukdomar eller nedsett immunforsvar.

Ta kontakt med fastlegen dersom du treng ny resept eller ønskjer råd om kva vaksinar som er aktuelle for deg.

På legekontoret i Valle finn du:

Hallvard Mosdøl – Fastlege
Siri Haugetveit – Fastlege (i permisjon til 1.januar)
Legevikar Are Eikrem Fredriksen (til 01.desember)
LIS1 lege - Hanna Fennesfoss (1. mars til 1. september)
LIS1 lege - Charlotte Marie Eikaas (frå 1. september til 1. mars)
Oddny Bjørgum – Sjukepleiar
Cecilie Haugen – Sjukepleiar - diabetessjukepleiar (Permisjon 01.10.26 - 01.10.27)
Siv Bø – Sjukepleiar
 

Opningstider

Valle legekontor: 

Valle legekontor held ope alle kvardagar kl. 08.00 - 15.00
Adresse: Kjellebergsvegen 3, 4747 Valle

Telefontid

Kl. 09.00 -12.00 og kl. 13.00 - 14.00
Telefonnummer: 37937540

Legevakt: 116 117  NØDNUMMER:  113

Meir informasjon og bestilling av time HER

Fastlegeordninga