Vaksenopplæring

Grunnskuleopplæring for vaksne

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan få søke om dette i henhald til Opplæringslova § 4A-1. Opplæringa gjeld i dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Du har også rett på opplæring i grunnleggjande dugleikar om du treng det. Dei grunnleggjande dugleikane er å kunne:

  • lese
  • reikne
  • uttrykkje seg skriftleg og munnleg
  • kunne bruke digitale verktøy

Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.

Vaksenopplæring for framandspråk

Vaksenopplæringa i Bykle held til i næringsbygget i  Bykle ved sida av Bykle Rådhus. Vaksenopplæringa tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter «Ny lov om integrering»  . Norskkursa følgjer «Læreplan for vaksne innvandrarar» og er opne for alle – både deltakarar med rett til gratis norskopplæring og betalande deltakarar. Hovudtyngda av dei som deltek på kurs er flyktningar og innvandrarar som lærer norsk og samfunnskunnskap. Målet er inkludering med vekt på førebuing til arbeid, eller vidareutdanning. For flyktningar, som kommunen busett og som deltek i introduksjonsprogrammet, er det nært samarbeid med NAV.

Desse har vanlegvis rett og pli​kt til norsk​​​​opplæring (gratis norskkurs):

Innvandrarar med flyktningstatus
Innvandrarar med opphald på humanitært grunnlag
Familiegjenforente med person(ar) frå gruppene over eller med norske statsborgarar

Desse må vanlegvis betale for n​​​orskkurs:

Arbeidsinnvandrarar
EØS-borgere

Digital søknad for grunnskuleoppplæring for vaksne  

Skulerute for vaksenopplæring 2024-2025 (PDF, 224 kB)