Foreldreråd og Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)

Alle foreldre/foresatte som har barn ved skulen, er automatisk medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet vel representantar for kvart klassetrinn (klassekontakter) som tilsaman utgjer foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU). Ein kan seie at FAU fungerer som eit ”styre” for foreldrerådet.

Oppgåvene til foreldrerådet og FAU er å fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Arbeidsoppgåver kan vere å arbeide for å skape godt samhald mellom heim og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane, skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet, informere og høyre alle foreldre om aktuelle saker, arrangere samlingar for foreldre og lærarar, ta initiativ til sosiale aktiviteter for elevane, eller samarbeide med elevrådet, SU, SMU, KFU, rektor og lærarar.

Vi i FAU ønskjer å vere eit aktivt FAU. Vi har som målsetning å gjennomføre foreldretreff for dei ulike klassetrinna (1. og 2. klasse saman, 3. og 4. klasse saman, og 5.-7. klassa saman) der vi tek opp tema som er aktuelle for gruppa. Vidare vil vi arrangere minst ein felles aktivitet for foreldre og born i kvar gruppe.
Vi vil gjerne at du tek kontakt dersom du har tankar om tema som er viktige at vi har fokus på, om du har gode idear til aktiviteter, eller  andre innspel til kva vi bør jobbe med. Ta kontakt med klassekontakten for den klassa du har born i.

Med helsing oss i FAU

Klassekontakter 2023 - 2024 og Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Klassekontakter 2023 - 2024 og Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
Klassetrinn Representant Vararepresentant
1. -2.  klasse Aleksander S Eikeland Maren Eikeland
3.-4. klasse Jesper Thielecke Marianne Breivegen
5.klasse Jan Sverre Kjøstvedt (2 år) Jens Olsen
6. klasse Merete Egeland (1 år) Eva Lill Hermansen
7. klasse Ragnhild Lamark  Line Steine

Meir om FAU

Referat frå FAU