Om skulen

Skulen sto ferdig i 1973. Til å begynne med var det ein rein barneskule, som i 1979 blei utvida til å bli ungdomsskule og. Før den tid måtte byklarane til Valle og Edland for å gå på ungdomsskule. Vi bygde på skulen i 1992 med nybygg for 1. - 7. klasse. Året etter blei resten av skulen bygd om. Våren 2018 var eit nytt byggetrinn på skulen ferdig. Då fekk vi ny personalavdeling, med fine arbeidsrom og møterom.
 

Som næraste nabo har vi samfunnshuset. Det sto ferdig i 1997. Skulen brukar lokala i samfunnshuset til skulekjøkken, kantine, kroppsøving, bibliotek og kultursamlingar.

Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1 - 10 skule. Skulen har 61 elevar i år. Av desse går 36 på ungdomssteget. Vi har også skulefritidsordning som er open alle vekedagar frå  kl. 06.45 til klokka 16.00. I år er det 12 barn som brukar tilbodet.
 

Vi har kantina med gratis skulemat til alle, og elevane vår får også frukt kvar dag. Det er PC eller nettbrett til alle elevane våre. 

Skulane i Bykle kommune er Pals-skular. Det vil seie at vi jobbar systematisk i heile organisasjonen for å fremje positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling.

Skuledagen på Bykle barne- og ungdomsskule

Skuledagen på Bykle barne- og ungdomsskule
Klokka Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
08.30 - 09.30 x x x x x
Pause - - - - -
09.45 - 10.45 x x x x x
10.45 - 11.15 Mat Mat Mat Mat Mat
11.15 - 12.15 x x x x x
Pause - - - - -
12.30 - 13.30 x x x x x
Pause - - - - -
13.45 - 14.45 x x x x x
1. - 4. klasse er ferdige med undervisningstimane kl. 13.30 kvar dag. For desse elevane varer 2. time til kl. 10.30. Dei et i kantina frå kl. 10.30 til 10.45, og har utefriminutt til kl. 11.15