Skuleløp for TV-aksjonen 2025
Onsdag 15. oktober deltok heile skulen i årets skuleløp til inntekt for TV-aksjonen 2025. Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen, som skal opne dører for menneske med funksjonsnedsetjingar som lever i krig og fattigdom.
Det vart ein flott dag med god stemning, innsats og samarbeid på tvers av klassetrinn. Elevane sprang med stor glede, samla klipp på korta sine, og fekk påfyll av saft og frukt undervegs. Mange vaksne stilte opp som løypevakter, heia, klipte kort, ordna matstasjon og bidrog til at alt gjekk som planlagt.
Tusen takk til alle elevar, lærarar, føresette og gjester frå Fjellgardane som var med og gjorde dagen til ein suksess – til støtte for ei god sak! 💚
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Publisert 15.10.2025 13:28
Sist endret 15.10.2025 13:28