Samane sin nasjonaldag

Samane sin nasjonaldag

Samane sin nasjonaldag er 6.februar. Dagen blir også kalla «Samefolkets dag» og «Samisk folkedag»

Her på Bykle barne- og ungdomsskule har dagen blitt markert, ved å starte dagen på musikkrommet, der alle elevane frå 1. til 10. klasse var samla. Det blei vist eit par filmar som omhandla samane og deira kultur og historie. Etterpå var det ein Kahoot, der elevane blei delte i 8 grupper, på tvers av klassane.

 

Også i dei ulike klassane har elevane, i løpet av dagen, jobba på ulike måtar med tema om samane. I kantina blei det denne dagen servert bidos.

På SFO i ettermiddag vil dei også ha ulike aktivitetar, som har med samane, og deira kultur og historie å gjere.

Elevane samla på musikkrommet Brigitte Haugen Kahoot i aldersblanda grupper Lars Erik Domaas Arbeid i klassane med opplegg frå Salaby Merete Severinsen